Pasient-og brukarombodet i Sogn og Fjordane krev openheit om uønska hendingar i den kommunale helse- og omsorgstenesta.

- Vi meiner at det er viktig at kommunane i fylket legg til rette for at brukarane av tenestene tør å klage på svikt i tenestene. Kunnskap om brukarerfaringar er avgjerande for å lære av feil og betre kveliteten på trenestene, skriv pasient- og brukarombodet som har til oppgåve å ivareta pasienten og brukarane sine behov. Vidare skal dei vere ein viktig bidragsytar i kvalitetsarbeidet.

- Vi oppmodar kommunane i Sogn og Fjordane om å praktisere openheit rundt hendingar som har ført til, eller kunne ha ført til, betydeleg personskade i helse- og omsorgstenesta i kommunen. Vi oppmodar kommunane til å utvikle rutinar for openheit i praksis, og at dei publiserer slike hendingar i anonymisert form på sine nettsider, skriv pasient- og brukarombodet til slutt.