Mariann Rosa er ein av artistane skal opptre på The Great Escape Festival I Brighton neste månad.

Artisten frå Stryn skal spele i den engelske badebyen på The Red Lion fredag 15. mai.

Arrangørane lovar ein «fantastisk ettermiddag med musikk frå nokre av dei beste banda frå England og omegn».

"Den norske songaren Mariann Rosa tek med seg hennar eigen unike og fargerike stil og lydbilde", skriv arrangørane i omtalen.