Fleire aktørar frå Stryn og Hornindal var med i musikkspelet Elskhug og Eksis på Nordfjordeid i helga.

Nokre var med for første gong, medan andre har vore med på alle oppsetjingane.

Blant skodespelarane frå Indre Nordfjord var: Elling Sølvberg, Andrea Vinsrygg Steen, Emma Nygård Sætren, Gøran Yri, Olav Rune Seljeset, Berit Hisdal Lunde og eks-strynelensmann Jon Kjørstad.

I år vart det ny publikumsrekord med 1400 selde billettar.

– Så mange billettar har vi aldri seld tidlegare, fortel styreleiar for Elskhug og Eksis, Tormod Nilsen til Fjordingen.