Arrangørane bak kulturdagen på Ulvedal kan notere ein ny suksess søndag.

Det var mykje folk og spennande program både for unge og gamle. Denne gangen var det fokus på ull frå saueklipping til ferdig ullprodukt, og mellom innslaga hygga folk seg med god mat og godt prat.

For dei yngste er Sagedammen, elva og høvet til å lage eigne båtar og stå for sjøsetjinga, ei stor oppleving.