Hardingfelespelaren Hauk Buen vann i går kveld Folkelarmprisen 2013 på Riksscenen i Oslo.

-Det var ei stor ære å vere nominert saman med han. Prisen var fullt fortent, seier Linda Gytri frå Oldedalen, stolt og glad for å vere på same scene og bli omtalt saman med den 80 år gamle meisterspelemannen.

-Linda var nominert for plata "Umbra". Folkelarmprisen er folkemusikken sin eigen platepris der bransjen sjølv løfter fram dei beste platene frå året som gjekk. Målet er å profilere norske og nordiske folkemusikkartistar.