I Fjordingen kunne ein nyleg lese at Nordfjord Havn har vurdert totalet ni aktuelle plassar for ei cruisekai nummer to i Stryn. Raudt Stryn går imot alle framlegg om å opprette endå ei cruisekai i Stryn kommune.

Det er korkje ønskeleg eller nødvendig å auke den moglege kapasiteten for cruisetrafikk til Stryn. Tvert om er det ønskeleg å få ned omfanget av cruisetrafikken, først og fremst av omsyn til miljøet, men òg for å få eit forsvarleg nivå på denne typen turisme slik at ein kan få handtert den betre.

I artikkelen «Cruiseskip er klimaverstinger» på forskning.no kan ein lese at det berre er Spania, Italia, Hellas og Frankrike som har større utslipp frå cruiseskip enn Noreg. I 2019 publiserte NHO Reiseliv ein artikkel på nettsida si med tittelen «Cruiseturister slipper ut mest CO2 og legger igjen minst penger».

Slik Raudt Stryn ser det er det både ønskeleg og nødvendig å få dei same miljøreglane for cruisetrafikk i Stryn som dei gjeldande reglane for verdsarvfjordane i Noreg. Vi vil vidare ha eit makstak på tal cruiseskip-passasjerar per dag og eit tak på kor mange cruiseskip som får leggje til kai i Stryn kommune, både per veke og for året totalt.

Det er Raudt Stryn sitt standpunkt at desse makstala bør vere så låge at det fører til ein reduksjon i cruisetrafikken samanlikna med det som har vore tilfelle dei siste åra.

Anders Hamre Sveen

leiar av Raudt Stryn