Sogn og Fjordane Teater har sett seg nøydde å avlyse begge framsyningane av Dødsdansen som var lagt til indre Nordfjord denne veka. Torsdag kveld skulle etter planen det kjende Strindberg-stykket vore framført på Hjelle Hotel, men for dårleg førehandssalg gjorde altså til at teateret avlyste. I kveld, fredag, var turen komen til Visnes Hotel.

- Nei, her blir det ingen ting. Berre åtte personar hadde kjøpt billett, fortel dagleg leiar ved hotellet, Marit Nordheim Otterdal. Ho tykkjer det er synd at ikkje fleire har funne stykket interessant nok til å kjøpe seg billett.

- Det såg veldig morsomt ut på prøvane dei hadde. Mykje humor faktisk, seier Otterdal, som trur kanskje stykket blir oppfatta som veldig dystert ut frå namnet og bildet på plakaten.

Stykket skal elles setjast opp på Kviknes Hotel, Balestrand, Balsnes Gard, Nordfjordeid, og Åmot Operagard, Bygstad.