Frå 4. januar vil Nordfjordekspressen som i dag har tre daglege avgangar frå Måløy til Oslo, redusere tilbodet til to avgangar. Dette gjeld også Frå Oslo til Måløy, opplyser marknadssjef Svein-Arne Vik i Nettbuss Ekspress.

- Svak økonomisk utvikling på reisetilbodet er bakgrunnen for omlegginga, seier Vik.

- Kva går endringane ut på?

- Det går ut på at avgangen 12.40 frå Måløy med avreise frå Stryn klokka 15.10 går ut. Det same gjer avgangen frå Oslo 15.30 med ankomst Stryn 23.40 og Måløy 01.25. Samstundes vert ruta som går frå Måløy klokka 7.20 framsett til ca. klokka 10.20 og med avgang frå Stryn ca. klokka 12.20. Ankomst Oslo vil då bli ca. 20.40 mot i dag 18.15. Tidspunkta for nattbussen blir med små tidsjusteringar som før begge vegar. Avgangen frå Oslo 9.30 blir som i dag, seier Vik.

Dagbussen frå Måløy mot Oslo vil etter det nye opplegget returnere som nattbuss nordover og omvendt.

Vik legg til at det som i dag blir omtalt som Møreekspressen blir sterkare integrert. Denne går i dag frå Ulsteinvik klokka 21.15 og frå Oslo mot Ulsteinvik klokka 22.00. Her blir det ein ny avgang i tillegg,  frå Ulsteinvik 10.15 som korresponderer i Stryn 12.00 med dagbussen til Oslo 12.20. På same måte vil Nordfjordekspressen frå Oslo korrespondere i Stryn med Møreekspressen klokka 18.

Vik seier at det er Nettbuss Ekspress som skal drifte det nye opplegget. Han fortel også at det er bestilt to nye komfortbussar som blir sett inn på strekninga Oslo-Ulsteinvik, såkalla dobbeldekkarar. Desse bussane har 63 siitjeplassar. Dei er litt høgare enn dagens bussar og med to etasjar. Komforten er i første rekkje i andre etasje. Der er det både frittståande enkeltsete og dobbeltsete med god plass.

Vik legg til at dette blir eit fast grunntilbod heile året og at det kjem til å bli sett inn ekstra kapasitet i året med høgtider og mange reisande. Han seier også at bestilling av billettar på nett er ein garanti for sikker plass, og at slik bestilling også er til stor fordel for selskapet når det gjeld planlegging av kapasitet.