Måndag var entreprenøren Yri Sand på plass ved Loen Stadion for å føreta dei siste GPS-målingane før gravemaskingrabben kan setjast i jorda, og det nye kunstgrasanlegget kan gå inn i sjølve byggjefasen.

- Det blir godt å kome i gang. Det er mange år sidan ein byrja å snakke om dette, så det er veldig etterlengta, seier Jørn André Moen, som er med og leier prosjektet saman med Jan Erik Sandbakk.

Klubbhuset først

Planen er å få gjort unna alt av grunnarbeid denne hausten. Både til bane, klubbhus og lysstolpar. I løpet av få dagar håpar Moen at det er full aktivitet med maskinene.

- Ja, vi håpar det. Og så har vi eit lite håp om at vi skal få reist klubbhuset denne hausten. Det er i alle fall det vi har signalisert, seier Moen, som satsar på at det gode vêret held fram.

Går alt etter planen kan idrettslaget helse ny fotballsesong velkomen med ny stadion.

- Leverandøren har fire veker leveringstid og leggetida er omlag ei veke. Så frå bestilling til ferdig resultat er det fem veker. Vi går for at dekket er på plass til våren, seier Moen.