Eigarane av Septik 24 som har hovudsete i Stryn og Sløvåg, vart frå 1. november ein del av Norva 24-konsernet. Hovudkontoret til det utvida Norva 24-konsernet blir liggande i Stryn der også konsernleiinga får sitt hovudsete.

- Vi har lenge vurdert fleire strategiske alternativ for framtida med tanke på vekst og utvikling. Vi har vore opptekne av å vere i forkant av eventuelle konsolideringar, seier Arild Bødal til Fjordingen.

Norva 24 vart stifta i april og utgjorde før Septik 24 gjekk inn sju enkeltverksemder. Gruppa vil i 2015 omsetje for omlag 180 millionar kroner på årsbasis og har i alt 90 tilsette. Med tidlegare Septik  24 på laget, er ambisjonane for det nye konsernet totalt å passere 500 miillionar kroner i omsetning i 2016.  Totalt vert det nærare 250 tilsette.

Norva 24 blir størst i Norge innanfor sitt tenestespekter. Det dreier seg særleg om industri- og kommunaltekniske tenester med sterk med sterk vekt på mobilavvatningstenester. Dei jobbar også sterkt med å få infrastruktur under bakkenivå til å fungere tilfredsstillande.

Eigarane i Septik 24 har vore familiane Sandbakk og Bødal i Loen/Stryn og Birkeland-familien i Sløvåg. Denne grupperinga vert dei største private aksjonærane i Norva 24. Hovudeigaren er det svenske investeringsselskapet Valedo.

Jon Nesje blir dagleg leiar i Norva 24, Arild Bødal blir styremedlem og skal jobbe med forretningsutvikling på tvers av selskapa. Jan Erik Sandbakk vert leiar innanfor anbod og IKT. Dagleg leiar av Miljøservice, Malvin Sandbakk held fram i stillinga og har saman med grundar Kristian Sandbakk aktive og viktige roller i selskapet.