Dersom forslaget til reguleringsplan for Grodås sentrum vert vedteke i si noverande form, vil Grodåsheimen framleis vere ein del av bybildet. Det opplyste plansjef Ståle Hatlelid då han gav planutvalet innsyn i forslaget til korleis sentrumsområdet skal utviklast.

Eldar Engelund (Sp) reagerte på at Grodåsheimen ligg inne i planen.

- Vi har her eit kommunestyrevedtak på riving, slo han fast.

- Ja, det blir på same måte som for Grobygget. Også dette bygget er med i forslaget til reguleringsplan, trass vedtak om riving. I plansamanheng vert det lagt opp til å sjå heilskapen. Så blir det opp til politikarane å bestemme kva som skal rivast, konkluderte plansjef Ståle Hatlelid.