Ein bil køyrde av vegen på E39/rv15 i Holmøyane onsdag kveld. Politiet melder at to personar sat i bilen, men at ingen av dei vart skadde. Utforkøyringa førte heller ikkje til trafikkale problem. Uhellet skjedde litt over kl 20.