Helse- og sosialutvalet fatta samrøystes vedtak om å inndra skjenkeløyvet for Isehaug Kafeteria AS; Briksdal Adventure AS og Stryn Kaffebar og Vertshus AS i tidsrommet 1. til 7. januar 2016. Dette som reaksjon på brot på skjenkereglane under Oktoberfesten 2015, der dei tre verksemdene stod kollektivt bak skjenkeløyvet.

Bakgrunnen for inndraginga var at skjenkekontrollen oppdaga ein sovande mann utanfor toalettet på Isehaug. I rapporten vert det synt til at det tok 8–9 minutt før han blei geleida ut, og at same person like etter slapp inn att i lokalet. Sjølv om mannen ikkje vart servert alkohol, blir dette sett på som brot på skjenkereglane.

– At vedkomande sovna inne på området er vårt ansvar, og svært beklageleg, skriv løyvehavarane i kommentar til saka.

Til møtet i helse- og sosialutvalet låg det føre administrativ  tilråding om inndraging av skjenkeløyvet til dei tre verksemdene i ei veke, men utan at det var sagt noko om tidspunktet.

- Eg er samd i utkastet til reaksjon. Mitt forslag er at inndraging skal skje i tidsrommet 1. til 7. januar 2016, sa Inge Arne Bøe (H).

- Kva er praksis i slike saker - umiddelbar inndraing etter at vedtak er fatta eller seinare tidspunkt, spurde Rune Myklebust (Sp),

- Det har vore litt ulik praksis, svara helse- og sosialsjef Berit Wetlesen.

Inge Arne Bøe: - Det vil få store økonomike konsekvensar dersom vi inndreg skjenkeløyvet i julebordsesongen når det ligg føre mange bestillingar. Ei veke inndraging seinare og omtale i Fjordingen vil vere straff nok.

Aud Løvlid (H): - Eg er samd med Inge Arne Bøe. Ved å inndra løyva etter nyttår straffar vi ikkje så hardt økonomisk. Dette var ein enkelt episode då svært mykje folk var samla. Politet sa seg godt nøgde med det som skjedde inne på området under Oktoberfesten.

Astrid Dragset Raftevold (Sp): - Det vil vere knallhardt å inndra skjenkeløyva i julebordsesongen. Det blei gjort ein kjempejobb inne på området til  Oktoberfesten, og det dreiar seg her om ein enkelt glipp. Eg støttar forslaget om inndraging første veka i januar.