Med humorkarakteren Gudvald i førarsetet skal Fjordingen korte ned ventetida med ein julekalendar som set fokus på kjende og mindre kjende dialektord frå Nordfjord.

Frå 1. desember kan du teste deg sjølv om du har kontroll på dialektorda som Gudvald presenterer. Det heile er lagt opp som ein quiz, eller spørjetevling som Gudvald helst kallar det, og det vankar merksemd til alle dagsvinnarane.

Gleimebokja

For dei som har møtt Gudvald før så veit ein at den pensjonerte trappesnikkaren og småbrukaren likar å gjere bruk av ord som for mange er på veg ut av daglegspråket.

- Vi er i alt for stor grad påverka av det eg vil kalle eit glatt språk frå storbyar som Stryn, Nordfjordeid og Måløy, seier Gudvald engasjert medan han skrellar seg ei mandarin. Den oppegåande Fjordingen-abonnenten tykkjer også lokalavisene har litt å lære.

- Vi må gjere ein innsats før desse orda går i gleimebokja, seier han. Gudvald passar også på å trekke fram det flotte arbeidet Magne Skrede i si tid gjorde med å samle mange av dialektorda frå vårt område.

- Ein uvurderleg innsats. No vil eg yte min vesle skjerv for å setje fokus på desse skattane dei neste tre vekene, seier trappesnikkaren, og tygger ettertenksamt på ein mandarinbåt.

Videosnutt kvar morgon

Kvar morgon, frå og med tysdag 1. desember, blir det lagt ut ein videosnutt på Fjordingen si nettside der Gudvald utfordrar deg på eit nytt dialektord. Svar skal sendast på elektronisk post til redaksjonen og det blir kåra dagsvinnarar som vert offentleggjort seinare på dag.