I utvalsmøtet for skule og kultur onsdag, stod blant anna satsane for 2016 i symjehallen i Stryn kulturhus på dagsorden. Framlegget inneber å auke prisane neste år, slik at mellom anna einskildbillettane får eit påslag på 5 kroner. Det betyr at pris for born blir 65 (i dag 60 kr), vaksne 105 kroner og honnør 85 kroner.

- Eg har fått innspel på at dette byrjar å bli dyrt, sa Kåre Tonning (H). Han ønskte ikkje å fremje nytt forslag til prisliste for 2016, men ville legge til eit punkt om at ein ser på mulegheitene for eit sesongkort for familiar. Han foreslo vidare å sjå til skisenteret for korleis dei definerer familie. Dette vart støtta av dei andre utvalsmedlemmane.

Det er i dag årskort, halvårskort og klippekort for kva brukargruppe, men altså ikkje for ein samla familie. Forslaget frå skule- og kulturutvalet gjeld med verknad frå 2017.