Skogstad Sport AS ved Anton Skogstad har sendt søknad om at den kommunale vegstrekninga på 170 meter mellom Skogstadkrysset og Innvik Fjordhotell i Innvik snarleg vert reasfaltert.

- Det er stygge holer langs heile strekninga, og det er stor trafikk  i området. Særleg på sommaren er det mange besøkande, skriv Skogstad som håpar på snarleg oppgradering.

Prosjektingeniør Tor Guddal seier til Fjordigen at det i fjor vart gjort tilstandsvurderingar med tanke på prioriteringane ut i frå ein pott på 1,5 millionar kroner.

- Det vart då sett opp ei liste over tiltak, og den aktuelle strekninga kom på lista som aktuelt tiltak i 2016. Desse tiltaka skal seinare opp i utvalet for tekniske saker, seier Guddal.