Forslaget til reguleringsplan for Grodås sentrum som no blir lagt ut på høyring, tek ikkje stilling til framtidig E39-trasé.

- E39 er ikkje med i dette forslaget. Dersom E39 skal gå gjennom Grodås sentrum, må det gjennomførast omregulering til breiare veg, opplyste plansjef Ståle Hatlelid i orientering til planutvalet (formannskapet).

Noverande gate er 6,5 meter brei. For E39-standard snakkar vi om breidde på 12,5 meter med midtdelar.

Sjølv om framlegget til regleringsplan ikkje tek høgde for framtidig E39, vil sentrumsalternativet likevel bli utgreidd når ein skal vurdere kva som er beste løysing for tunnel Grodås - Øyebakken.

- Vi vil sjå på tre alternativ: Innslag mellom Kirkhorn og skulen, innslag lenger oppe mot Lødøen og eit alternativ sør for Grodås sentrum, opplyste Ståle Hatlelid.