Delta Stryn har i innspel til kommunereforma gjort det klart at dei vil ha kommuneadministrasjonen samla i Stryn dersom det blir samanslåing med Hornindal.

- Det er lange avstandar innad i Stryn kommune og fleire stader er det lenger frå utkanten til sentrum enn det er frå Hornindal til Stryn sentrum. Det er framleis eit behov for innbyggjarane å møte opp på kontoret, spesielt når det gjeld tunge innkrevingssaker. Vi har også mykje besøk av flyktningar og innvandrarar, skriv hovudtillitsvald Solveig Lien Roset etter at saka var drøfta på medlemsmøte i Delta Stryn.

I innspelet blir det vidare synt til at dei fleste innbyggjarane ved samanslåing med Hornindal vil bu i Stryn, og der det også er flest arbeidsgjevarar.

- Ved å samle administrasjonen på ein stad vil ein styrke felleskjensla og kunne bygge opp eit større fagmiljø. Det er litt av hensikten med kommunesamanslåing å styrke fagmiljøet. Vi trur ikkje det er lurt å dele opp funksjonar innan ein etat. Økonomiavdellinga bør vere der økonomisjefen er, lønningskontoret der personalavdelinga er, landbrukskotnoret der planavdelinga er, osv, meiner Delta Stryn.

I eit eige punkt vert det konkludert med at dersom Stryn og Hornindal endar opp som ein kommune, så kan ein opprette servicekontor i Hornindal.

- Dette kontoret kan ha sentralbord og vere bemanna med personar som kan rettleie publikum og svare på spørsmål. Ein kan ha video-konferanseutstyr der brukarar av kommunale tenester kan bli kopla opp mot sakshandsamar i staden for å møte opp på kontoret i kommunesenteret. Vi har også tenkt at det må kunne vere høve til å ha enkelte kontordagar i Hornindal, dersom det skulle vere behov for det. Men vi ser at det blir mindre bruk for personleg kontakt med sakshandsamar, alle søknader kan sendast elektronisk og det blir mindre trong for personleg oppmøte av publikum, heiter det til slutt i innspelet frå Delta Stryn.