Stryn kommune har starta prosessen med rullering av rusmiddelpolitisk handlingsplan - dokumentet som m.a. legg sterke føringar på kven som skal få høve til å servere alkohol.  Fram til kommunestyret fattar endeleg vedtak i mars/april 2016, vil alle få høve til å gje innspel. I helse- og sosialutvalet kom fram klare ønskje om tydelegare grenseoppgang for å skilje mellom idrett og alkhol.

- Noverande plan seier at det ikkje skal skjenkast alkohol i samband med idrettsarrangement. Men her er det veldig uklare grenser. Er t.d.Stryn Treskifestival eit idrettsarrangement? spurde Inge Arne Bøe (H). Som la til: - Eg ser ikkje på treskifestivalen som eit idrettsarrangement.

Grete Elin Roset (KrF): -Men er ikkje treskifestivalen også for born?

Inge Arne Bøe: - Alkoholserveringa skjer etter at borna er ferdige.

Astrid Drageset Raftevold (Sp): - Dette med idrettsarrangement og skisenter har skapt veldige diskusjonar, og det blir tolka ulikt.

Aud Løvlid (H): - Vi har sagt at det ikkje skal vere alkoholservering når renn pågår. No ligg det føre vedtak om at det heller ikkje skal seljast alkohol når trekka går.

Inge Arne Bøe (H), kommunestyrerepresentant og medlem av helse- og sosialutvalet. Foto: Harald Vartdal