Brannen i høgspentlinja i Oldedalen fekk større konsekvensar enn først frykta. No må innbyggjarane og bedriftene lengst oppe i dalen klare seg utan straum dei neste timane.

- Det var ein travers som vart øydelagt og må skiftast. Folk er no på veg opp med ein ny. Det er vanskekleg å seie kor lenge straumen blir vekke, men truleg blir klokka fire i ettermiddag før vi er ferdige, seier Jan Træen i Stryn Energi.

Det er frå rørtunnelen like ved Yrineset, og oppover dalen straumen blir vekke dei neste tre timane.