Då skule- og kulturutvalet vedtok sine innspel til økonomiplanen for 2015-2019, var kompetanseheving i grunnskulen eitt av tiltaka som vart spelt inn.

For å undervise på ungdomssteget er det krav om 60 studiepoeng i kjernefaga norsk, matte og engelsk, 30 poeng for andre fag. På barnesteget er kravet 30 studiepoeng i kjernefaga.

Hovudtillitsvald i Utdanningsforbundet, Anita Flo, meiner kompetanseheving er bra men likar ikkje heilt måten det blir gjort på.

- At dei som tek utdanning no får nye krav er greit, men at dette har tilbakeverkande kraft tykkjer vi er urimeleg og er noko vi gjerne skulle hatt vekk. At lærarar var godkjende i går, men ikkje i dag, seier Flo.

Innan 10 år må alle lærarar skaffe seg den naudsynte kompetansen. Skule- og kulturutvalet ber om 400.000 kroner årleg for å dekke studiekostnader, reiser og vikarutgifter i samband dette. Dette som ledd i eit spleiselag mellom stat og den einskilde lærar.