Ekstremt høg vannstand og kraftig vestavind gjer at bølgjene frå Hornindalsvatnet slår inn over Grodås brygge 1. juledag. Bølgjene har teke med seg store mengder rekved og andre lause gjenstandar. Vatnet slår over steinfyllinga og inn i hagane i Grodås sentrum - truleg og inn i nokre av bygga nær vatnet.

Mange skodelystne tok turen til Grodås sentrum for å sjå på det kraftige veret. Tidvis stod det ein kvit vegg av vatn rett over steinfyllinga inn mot kaiområdet - og langt inn over land. Eventuelt skadeomfang er det for tidleg å seie noko om før vatnet trekkjer seg tilbake.

Meteorologisk Institutt melder at veret skal roe seg utover ettermiddagen og kvelden 1. juledag, samtidig som temperaturen er venta å gå ned.

M/B Dølen i bakgrunnen står på land, men er godt omslutta av frådande bølgjer. Foto: Bengt Flaten
Frådande vannmasser slo ustoppeleg inn over kaiområdet på Grodås. Foto: Bengt Flaten
Fotografering av dei kraftige bølgjene var med risiko for å bli blautt... Foto: Bengt Flaten