Tove Karoline Knutsen, medlem i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, trudde knapt det ho høyrde då ho besøkte Volda torsdag. - Høyrde eg rett når det vart sagt at ein ambulanse ikkje køyrer pasienten til næraste akuttsjukehus ved trafikkulukker på andre sida av føretaksgrensa? spurte ho.

- Ja, føretaksgrensene inviterer ikkje til samarbeid. Når det er planlagde innleggingar, får pasientane lov til å kome over føretaksgrensa. Når det gjeld akutte situasjonar, får ein ikkje lov utan at ein sjølv har sterke meiningar eller sterke pårørande. Det er eit moralsk problem der omsynet til føretaket vert sett framfor pasienten sitt beste, sa Rune Heggdal, lege ved Volda sjukehus.

Tove Karoline Knutsen var ein av fire stortingspreresentantar frå Ap som besøkte Volda torsdag, blant anna for å bli orientert om sjukehuset sin situasjon etter at helseminister Bent Høie har foreslått avvikling av kirurgisk akuttberedskap ved sjukehuset.

Knutsen stilte fleire spørsmål, og etter å ha høyrd at skadde ved trafikkulukker til dømes i Stryn og Hornindal som hovudregel vert sendt i ambulanse til Førde i staden for til Volda, var ho klokkeklar.

- Det går ikkje an. Dette må det ryddast opp i. Slik har vi det ikkje i Nord-Norge, sa Knutsen.

I møtet på kommunehuset i Volda var også ordførarane i nabokommunane Ørsta, Hornindal og Stryn inviterte. Ordføraren i Stryn hadde ikkje høve til å møte, men kollegaene i Ørsta og Hornindal stilte, samt leiar av Hornindal Ap, Elsa Eilertsen Raftevold.

- Det er svært viktig å vise støtte i forhold til akuttkirurgien i Volda. Vi har høyrd mykje av det som vart sagt i dag også tidlegare, men det er positivt at Ap sine stortingspolitikarar som alle andre kjem for å setje seg inn i sitasjonen og dermed ta ei viktig sak for den nye stor-regionen vår på alvor. Akuttkirurgien er særs viktig for indre Nordfjord ettersom dette tilbodet er teke vekk frå Nordfjord sjukehus. Utan akuttkirurgi i Volda er det fem timar køyring mellom sjukehusa i Ålesund og Førde. Det er uakseptabelt langt. Difor viser vi samhald for ei viktig sak, uavhengig av partitilhøyrigheit, seier Stig Olav Lødemel, ordførar i Hornindal. Han er klar på at det reelle opptaksområdet for akuttilbod ved Volda sjukehus er betydeleg større enn dei offisielle tala.

- Bygging av Kvivsvegen har skapt ein ny region der avstanden til akuttsjukehuset i nabohelseføretaket er mykje kortare enn til Førde. Dermed er opptaksområdet høgare. Difor må vi og få på plass samarbeidsavtale som sikrar at folk får bruke det nærast tilgjengelege sjukehuset utan kamp, seier Lødemel.