Fredag 29. januar sørga orkanen "Tor" for at Lodalen vart utan breiband. Onsdag 3. februar blei feilen retta. Men gleda var kortvarig. Etter ein halv time mista dei igjen nettsambandet. I skrivande stund er feilen ikkje retta.

- Vi går mot ei ny helg utan breiband. For oss som driv næringsverksemd i Lodalen og som på denne tid er inne i høgsesongen for booking til cruisesesongen, er situasjonen fullstendig uhaldbar, seier Jan Ove Hogrenning til Fjordingen.

Jan Ove Hogrenning som driv båtruta på Lovatnet og Kjenndalstova,  betalar for Wimax-abonnement.

- Ved brot har Telenor fem yrkedagar på seg til å rette feil. Denne fristen heldt dei då "Tor" braut sambandet. Men etter ein halv time måtte vi gijennom same prosessen med varsling og venting på feilretting innan fristen på fem dagar, opplyser Jan Ove Hogrenning.

- Kva seier Telenor?

- Wimax-avdelinga tipsa meg om å teikne firma-abonnement med større kapasitet og ikkje minst kortare rettetid. Med eit slikt abonnement ville vi vere sikra at feil som oppstår tre-fem gongar i året, ville bli retta dagen etter i staden for å måtte vente i fem yrkedagar.

- Då skulle vel det meste av problemet vere løyst?

- Ja, det trudde eg og. I staden for to abnnement - eit på Kjenndalstova og eit på turisthytene  - ville eg utifrå Wimax-avdelinga sine opplysningar får ein mykje betre situasjon. Men samtalen med Telenor var nedslåande. Deira svar var at eg med adresse Lodalen ikkje kunne  få same behandling som andre kundar.

- Korleis reagerer du på eit slikt svar?

- Eg ser det som forskjellsbehandling av verste sort. Det er ikkje nok med at vi blir påført store økonomiske tap på grunn av at feila ikkje vert retta opp like raskt som andre stader, men vi blir spelt fullstendig sjakk matt fordi det ikkje finst alternativ. At det skal vere lovleg å forskjellsbehandle folk på denne måten, er for meg heilt uforståeleg, sluttar Jan Ove Hogrenning.

Fjordingen ventar på kommentar frå Telenor.