Nina Lødøen Øen (V) fekk på møtet i Utval for helse og oppvekst full støtte for eit framlegg om at Hornindal kommune i 2017 skal ta ny vurdering når det gjeld mottak av einslege mindreårige flyktningar. Formannskapet får saka på møtet måndag og kommuenstyret fattar endeleg vedtak 11. februar.

I framlegget frå rådmannen vert det sagt at Hornindal kommune per i dag ikkje kan opne for mottak av einslege flyktningar i 2016. Dette vert grunngjeve med at kommunen ikkje har ressursar og kompetanse til å starte mottak av einslege mindreårige.

- Ein må fyrst etablere tenesta, gjere seg erfaringar og då eventuelt gjere nye vurderingar knytt til dette spørsmålet, heiter det i rådmannen si vurdering.

Utval for helse- og oppvekst slutta seg til punkt 1: Hornindal kommune opnar per i dag ikkje for mottak av einslege mindreårige flyktningar. Det var også semje om å fylgje rådmannen si tilråding om at Hornindal kommune skal ta imot 10 flyktningar i 2016 og inntil 17 i 2017. Men etter framlegg frå Nina Lødøen Øen vart ordlyden i punkt to og tre endra:

2. Hornindal kommune held fast på tildlegare mottak av inntil 10 flyktningar i 2016 og må parallelt arbeide for å etablere kontakt/samarbeid med frivillege lag og organisasjonar, for slik å sikre ei breiast mogeleg integrering.

3. Hornindal kommune er positive til å ta imot inntil 17 flyktningar i 2017, og at det på nytt blir vurdert å ta imot einslege mindreårige.