Etter at kommunane i 2002 ikkje lenger fekk øyremerkte tilskot tilleirskuleopphald har det vore mindre deltaking på slike skular. Torsdag skal Stortinget ta stilling til eit forslag om lovfesta rett til leirskule.

Tal frå blant anna Norsk Leirskoleforbund viser at tendensen med å sende elevar på leirskule er synkande, og at kommunane i svært ulik grad bidrar til finansieringa av slike opphald etter opphevinga av dei øyremerkte tilskota i 2002.

Stortingsrepresentantane Anne Tingelstad Wøien (Sp), Torgeir Knag Fylkesnes (SV) og Jenny Klinge (Sp) har derfor fremma eit representantforslag om å lovfeste retten til leirskuleopplæring i grunnskulen.

Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget vil torsdag fremme si innstilling til forslaget, og vil be regjeringa om å greie ut korleis læreplanane kan bidra til å halde oppe tilbodet. Fleirtalet meiner at ei lovfesting ikkje er det rette verkemiddelet, sjølv om komiteen slår fast at det verkar klart at enkelte skular og kommunar ikkje tilbyr leirskuleopphald. Komiteen peikar også på at leirskular kan vere viktig for integrering.

Rundt 50.000 elevar er kvart år gjennom eit opphald på leirskule, og Norsk Leirskoleforbund meiner ei lovfesting er det beste. Likevel seier forbundet i ein kommentar til innstillinga at dei er nøgde med at det er tverrpolitisk semje om atleirskuletilbodet er verdifullt for elevane. (©NPK)