156 prosjekt med søknadsbeløp under 100.000 kroner har no fåttinnvilga støtte frå Kulturminnefondet. To av desse er frå Stryn og Hornindal. I alt kom det inn 902 søknader.

Lokalt er det innvilga støtte til opprusting av golvet i Erdal skulehus i Oppstryn. Til dette er det gittt 30.000 kroner. Opprusting av den gamle ferjekaia i Kjøs i Hornindal er det andre prosjektet som er funne verdig støtte. Her er det sett av 50.000 kroner.

Totalt for fylket var det åtte prosjekt som fekk midlar, til saman 386.000 kroner. Dei øvrig seks er:

  • ldhuset på Mjell i Gaular kommune, tilskudd: 85000,-

  • Kystlandbruket - Gamlehuset i Solund kommune, tilskudd: 40000,-

  • Attringsbåt i Balestrand kommune, tilskudd: 35 000,-

  • Gamlestova i Høyanger kommune, tilskudd: 14 000,-

  • Sel på Modvo iLuster kommune, tilskudd: 62 000,- -

  • Gardshus i Indre Ese i Balestrandkommune, tilskudd: 70 000,-