Sogndalslaget Fjøra, med Jarle Flo sin son Mathias på laget, slo i ettermiddag Stryn på Fosshaugane stadion. Dei vann 2-0 etter skåring av Steffen Olsen i det 17. speleminutt, og Gøran Wigum omlag ti minutt før kampslutt. Det andre målet kom frå straffemerket.

I følgje kamprapporten var det ein jamnspelt kamp, men der gjestane frå Stryn kom til få målsjansar.