I dag og onsdag 1. juni skal 14-åringar på tur rundt om iSogn og Fjordane saman med DNT sine 14 lokallag. DNT står i år for 114OPPTUR - arrangement, der åttandeklassingar frå heile landetdeltek. OPPTUR vart arrangert fyrste gong i 2006 med om lag 6000deltakarar.

I år vert den nasjonale turdagen arrangert for 11. gongmed over 34 000 påmelde elevar. Heile 481 skular deltek, det er 40fleire enn i fjor.

- OPPTUR har hatt ein formidabel vekst sidan2006, og fleire stader står skular på venteliste for få å vera med.Frå 15-års alderen og fram til ein er 20 er det mange som droppar ådriva med fysisk aktivitet. Difor er denne dagen viktig for å gjeungdom ein smakebit på friluftsliv som eit alternativ, seier NilsØveraas, generalsekretær i DNT i ei pressemelding.