Loen/Rake 4H er ein aktiv klubb, og i kveld feirar dei 4 H Norge sin 80-årsdag med ei samling på plassen i Lovik. Frida Dragsund, som er leiar i klubben, fortel at dei har invitert Oldedalen og Gaupa 4 H i Innvik til aktivitetar som volleyball, kano og grilling.

- Mange klubbar er blitt oppmoda av organisasjonen sentralt til å overnatte ute under open himmel for å markere jubileet. Er det aktuelt også i Loen?

- Det vert ikkje aktuelt denne gongen då mange skal i konfirmasjon i morgon. Vi reknar nok med å bli over 30 i kveld, seier Frida.