Vegen til Tystigen er ferdig frest og vert opna torsdag morgon. Fredag morgon er det klart for sesongopning på Stryn sommarski.

- Det har gått betydeleg betre å frese i år enn i fjor. Mindre snø og mindre problematisk snø gjorde arbeidet enklare og raskare. Dermed kan vi opne vegen torsdag morgon, seier byggjeleiar Vidar Solheim. Opninga skjer dermed seks dagar tidlegare enn den kontraktfesta fristen som er 1. juni.

- Forholda på vegen er gode med tørr asfalt, og vi brukar no tida fram til opning på å ta den siste pussen. Deretter held fresen fram retning fylkesgrensa og Grotli, seier Solheim.

- All ære til entreprenøren Oppedal Drift som har jobba med å frese opp vegen. Dette er stor stas og vi er klare for sesongopning fredag, seier dagleg leiar ved sommarskisenteret, Nina Lensebakken.

Ho fortel at arbeidet med å byggje park er godt i gang. - Vi har fleire hopp og rails på plass, men heile parken vert nok ikkje klar fredag. Men det nærmar seg. Snøforholda er gode, sjølv om den kraftige varmen i pinsa tok ein del snø. Etterpå har det vore kaldt og påfyll av snø. Folk som var her oppe i helga og køyrde på ski, uttalte seg svært så positivt om snøforholda, seier Lensebakken.

Mannskapet på Tystigen er no i full aktivitet med å klargjere for sesongstart. Polstringsmatter, stikker og varselsskilt skal opp.

- Så tek det tid å få kafeteriaen i drift. Alle råvarer skal på plass, så det vert nok noko redusert kafeteriatilbod heilt i starten. Men det viktigaste er at vi opnar stolheisen og kan by på både snø og sol. Vermeldingane for opningshelga seier sol, så vi håpar på ein god sesongstart med stort innrykk frå inn- og utland, seier Lensebakken.

Høge brøytekantar på veg til Tystigen. Foto: Vidar Solheim, Statens vegvesen