Stryn tok eit sterkt bortepoeng mot serieleiar Træff laurdag ettermiddag med resultatet 1-1.

I første omgang var ballen mest hos heimelaget, men strynelaget forsvarte seg godt og hindre store målsjansar til vertane frå Molde. Ingen mål og 0-0 ved sidebyte. Fem minutt etter kvilepausen førte Anurathan Velalakan Stryn opp i leiing 0-1. Mot slutten av kampen var Stryn best, men så kom heimelaget tilbake i ein god stim. Fem minutt før full tid utlikna Træff til 1-1. Spennande slutt på kampen som enda med eitt poeng til kvart av laga.