Dei utanlandske kriminelle steinleggjarane som har herja heile landet er nesten borte, ifølgje skatteetaten.

Bortsett frå éin bande som har vore aktive på Vestlandet, har det nesten ikkje vore aktivitet frå steinleggjarane i år, ifølgje Dagbladet. Denne banden blei dessutan teken av politiet i april.– Det har vore utruleg stille i år. Vi veit ikkje kva som har skjedd, men gler oss så lenge vi ikkje høyrer noko, seier skattekrimsjef Jan-Egil Kristiansen i Skatt aust til avisa.I 2013 køyrde norske styresmakter ein storoffensiv mot steinleggjarbandane, som hovudsakleg har kome frå Irland og Storbritannia. Problemet har likevel halde fram i åra som følgde.No lurer skatteetaten på om dei økonomiske nedgangstidene i Norge kan ha bidrege til nedgangen i år. Åtvaringa er likevel klar:– Det gjeld framleis at folk ikkje skal bruke dei. Dei gjer dårleg arbeid, arbeider svart, tek for mykje betalt og lurer kundar, seier Kristiansen. (©NPK)