Den maritime industrien trur dei kan byggje brusambanda på E39 til ein brøkdel av prisen Statens vegvesen har rekna seg fram til. Etter Vegvesenets overslag kjem fjordkryssingane på svimlande 340 milliardar kroner.

FoU-leiar Morten Bjerkås i ingeniørselskapet Reinertsen meiner overslaga til staten er altfor høge.– Når vi ser på kostnadene tradisjonell brubygging har i dag og meterprisen for dei store fjordkryssingane, så harmonerer det ikkje i det heile. Dei er seks– sju gonger høgare i pris. Vi meiner det ikkje er grunn til å prise dei så høgt, seier Bjerkås til NRK.TotalentreprisarBlant dei som no gjerne vil sleppe til i brubygginga på ferjefrivegen E39, er LMG Marine og Kleven Maritime. Kleven er mellom anna spesialistar på sveiserobotar, som kan redusere behovet for manuell arbeidskraft enormt.– Vegvesenet ser ut til å forske mykje på korleis bruene skal konstruerast, men ikkje korleis dei skal produserast. Det vil vere god økonomi for staten å forske på produksjonsteknologi, seier produksjonsdirektør Tore Roppen i Kleven Maritime.Tidlegare regionsjef i Vegvesenet på Vestlandet, Olav Ellevset, er einig styresmaktene gjerne kan satse meir på funksjonskontraktar og totalentreprisar, slik at også private kan vere med å detaljplanleggje bruene.– Eg trur det er veldig viktig. Vi har ikkje vore flinke nok til dette på lange tider. Teknologien har vore bestemt på førehand, og så har staten gått ut og bedt om pris, seier han.– Viktig å få ned prisaneStatssekretær Tom Cato Karlsen (Frp) seier at prisen på brusambanda på E39 uansett må ned.– Det er viktig å få ned prisane. Det har vore ein enorm kostnadsvekst dei siste åra. Vi er nøydde til å sjå etter andre måtar å gjere ting på. Her trengst både forskingsinstitusjonar og næringsliv, seier Karlsen til NRK.– Det bør vere rom for å prøve ut nye måtar å gjere ting på, seier han. (©NPK)