Volda kommunestyre ønsker at Volda skal slå seg saman med Hornindal kommune. Før endeleg vedtak skal det haldast folkerøysting.

Dette vart vedtaket etter ein lang debatt i Volda kommunestyre torsdag. Eit knappast mogleg fleirtal på 14 mot 13 røyster gjekk for denne ordlyden, medan mindretalet gjekk for fleirtalsvedtaket frå formannskapet tysdag, der det heiter at "under føresetnad av tilsvarande vedtak i Hornindal kommunestyre, vedtek Volda kommunestyre at Volda blir samanslegen med Hornindal kommune."

Formannskapet tysdag vedtok og å ikkje gjennomføre folkerøysting.

Skilnaden mellom vedtaket frå formannskapet tysdag og kommunestyret torsdag er at Volda dermed ikkje har vedteke samanslåing, men sagt at dei ønsker samanslåing. Skilnaden er og at Volda ikkje vil gjere endeleg vedtak før dei har gjennomført folkerøysting.

- Dette kan bety at Hornindal går mot Stryn. Vi hadde på førehand avtalt møte mellom forhandlingsutvala i Hornindal og Volda førstkomande måndag. No får vi vurdere om det er nødvendig, sa ordførar Jørgen Amdam umiddelbart etter at vedtaket var fatta.

Debatten viste at særleg Frp og KrF er kritisk til prosessen i Volda og meiner denne har gått for fort siste tida. Det vart og reist tvil om tolking av resultatet frå innbyggjarundersøkinga. Difor ønskte det som vart eit knappast mogleg fleirtal folkerøysting før endeleg vedtak.

Forslaget som fekk fleirtal vart sett fram i fellesskap mellom SV, Frp og KrF, etter at KrF og Frp hadde trekt sitt opprinnelege fellesforslag som såg slik ut:

"Resultatet av innbyggjarundersøkinga om Volda, Stryn og Hornindal gir ikkje eit klart råd til Volda kommune om samanslåing. Før kommunestyret gjer endeleg vedtak om eventuell samanslåing mellom Volda og Hornindal, skal det difor i månadsskiftet august-september haldast folkerøysting. Endeleg vedtak skal gjerast i løpet av september"

- Vi trekte forslaget reint taktisk, for å sikre fleirtal for folkerøysting, kommenterer Odd A. Folkestad, Frp, etter vedtaket.

- No er det opp til Hornindal om dei vil vente på Volda. Vi greier ikkje gjere noko endeleg vedtak før til hausten. Eg hadde ikkje venta eit slikt vedtak, og er skuffa, seier ordførar Jørgen Amdam.