Ein finsk turisbuss var fredag på god veg inn i den uferdige tunnelen ved Ugla. Anleggsarbeidar Trygve Mork måtte trø til.

- Dei var på veg inn tunnelopninga før sjåføren ana ugler i mosen, seier Mork. Han fekk stoppa bussen og flytta ein dumper slik at sjåføren fekk snudd tilbake.

Vi spør anleggsarbeidaren om han meiner området burde vore betre avsperra. Men det kan han eigentleg ikkje skjøne skal vere naudsynt.

- Nei, det vert køyrt ut tunnelmasse heile tida og underlaget er humpete og gjørmete. Det vert også sett opp sperringar om natta, seier Mork.