Trass sommar og godver fredag, møtte folk mannsterkt opp for å heidre gullgutane som gjev spenning og stoltheit når dei står på startstreken under meisterskap i skiskyting.

Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø fekk i dag merke den sterke støtta dei har frå Stryn kommune og befolkninga i regionen. Det vanka mange helsingar, godord og gåver til Bø-brørne som har halde god bakkekontakt trass stjernestaus innan idretten sin.

Ekstra kjekt vart det då idrettsstjernene stilte opp og serverte kake til alle frammøtte.

Stolt mamma: Aslaug Thingnes Bø kan med rette vere stolt av gutane sine. Her får ho blomar frå John Beinnes på vegner av Stryn turn og Idrettslag.