Framstegspartiet vil leggje Nordfjord inn under Møre og Romsdal og resten av fylket til ein vestlandsregion beståande av Hordaland og Rogaland. Det skriv Sunnmørsposten.

– Vi må våge tenke ut av boksen. Regionreformadreier seg om å skape noko nytt og då kan ikkje gamle fylkesgrenser stå i vegen for det, seier parlamentarisk leiar Harald Tom Nesvik til avisa. Han har lansert forslaget saman med partikollega og leiar i kommunalkomiteen på Stortinget, Helge Andre Njåstad.

Modellen deira vil i tilfelle bety at Nordfjord og Møre og Romsdal vert ein av dei ti nye regionane i landet.

– Vi har no fått e avklaring om at Trøndelagsfylka ikkje ønskjer at Nordmøre skal bli del av den nye Trøndelags-regionen. Gitt det samarbeidet og reisemønsteret vi ser mellom ein del av nordfjordkommunene og Sunnmøre, meiner vi det er ein langsiktig og fornuftig bygging av nye regionar å slå Nordfjord og Møre og Romsdal saman, seier Nesvik til Sunnmørsposten.

Han utelukkar ikkje at Stortinget kan komme til å justere grenser med tvang når regionreforma skal handsamast i mai neste år. Nesvik vurderer det som enklare for Stortinget å teikne regionkart enn kommunekart. Til avisa seier han at utspelet vil vekkje oppsikt.

– Ja, eg veit at mange vil oppfatte dette som ein brannfakkel. Men eg meiner vi no må tørre ta debatten om å skape noko nytt og annerleis enn det vi har i dag, seier Nesvik.