Fleire kommunar ønskjer betre kontroll på dei mange turistane som strøymer til naturattraksjonar. Det viser seg at det kan bli vanskeleg, sidan dei då må tukle med allemannsretten.

Blant dei er Odda kommune som ønskjer å regulere trafikken til den populære attraksjonen Trolltunga.

Ordførar Roald Agahaug (Ap) i Odda ønskjer å regulere tilkomsten til Trolltunga på utrygge dagar og stoppe folk som ikkje er førebudde på turen, skriv NRK.

Bakgrunnen er det aukande talet redningsaksjonar for å berge turistar ned frå fjellet.– Folk kjem frå heile verda med eitt mål: å gå på Trolltunga. Det gjer at vi får problem med boss, at folk må på do og så vidare. Det meir alvorlege er at ein del menneske som går innover, er for dårleg utrusta, seier Agahaug til NRK.Seniorrådgivar Arild Sørensen i Miljøverndepartementet seier hovudprinsippet i friluftslova er at folk sjølve har ansvaret når dei er i naturen. Lova gir rom for å regulere sanitærforhold, slitasje og forsøpling på plassar med særs stor tilstrøyming, men ikkje for tiltak som har med tryggleiken til folk å gjere.– Dei tenkte ikkje på det da dei laga lova. Vi har eit mål om at mest mogleg at naturen skal vere tilgjengeleg. Å regulere tilkomsten bør vere siste skritt, seier Sørensen til NRK. (©NPK)