Ved utgangen av juni 2016 var det 5.429 personar i Sogn og Fjordane som tok i mot uføretrygd. 23 prosent av desse hadde gradert trygd, og mellom dei nye mottakarane av uføretrygd første halvår 2016 mottok 32 prosent gradert trygd.

– Dei nye reglane frå årsskiftet gjer det mykje lettare å kombinere arbeid med uføretrygd, og det er positivt at så mange som ein av tre nye mottakarar i vårt fylke har ein gradert uføretrygd, seier direktør for NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes.

Når det gjeld det totale talet på uføretrygda i fylket har dette halde seg stabilt siste åra. Auken er på 0,4 prosent. På landsnivå er auken 1,9 prosent.

– Talet på uføretrygda har vore relativt stabilt dei siste åra og etter ein auke i 2014, har talet på nye uføretrygda gått ned dei par siste åra, seier Thorsnes.

Auke blant unge

Samanlikna med september 2014, er det størst auke i talet på uføretrygda i aldersgruppa 18-29 år. I aldersgruppene over 55 år, samt aldersgruppa 45-49, er det ein reduksjon i talet på uføretrygda.

– Det er sjølvsagt grunn til å vere uroa over at talet på unge uføre aukar, men vi ser at det ofte er snakk om svært alvorlege diagnosar. Dette gjeld særleg dei aller yngste, seier Thorsnes. Talet på uføre under 30 år har auka frå 224 i juni 2015 til 245 i juni 2016, ein auke på 9,4 prosent.