Då klokka så vidt hadde passert 16 søndag ettermiddag var to unge bøsseberarar i sving på Visnes. June Guddal Kirkeeide og søskenbarnet Malene Guddal Sunde, begge seks år, insisterte på å få vere med mamma og tante Hege på hennar runde i tv-aksjonen sitt ærend.

Og kva godt som kunne kome ut av deira innsats med bøssa hadde 1. klassingane fått med seg.

- Mat og klede til fattige born, seier June.

- Og frukt, supplerar Malene.

Hege Guddal fortel at det var takka vere hennar arbeidsgjevar PwC at ho enda opp som bøsseberar.

- Dei har inngått eit samarbeid med Røde Kors og alle tilsette fekk mail med oppfordring om å delta, seier Guddal. Og ho var ikkje tung å be, heller ikkje hjelpesjentene.

- Vi spurte mamma, og ho sa ja, smiler June med godt tak i bøssa.

Dei har ein lang runde føre seg når Fjordingen møter dei. Men jentene har fått ekstra motivasjon på vegen. Hege har fortalt om då ho var på deira alder og dei samla inn 560 kroner og 60 øre til eit godt føremål. Den gongen var det ein tom kaffiboks som fungerte som bøsse.

- Så får vi sjå om vi kan slå den i dag, seier ho.

- Kva er øre, kjem det frå June, før dei set nasen mot første hus.