Fredag vart Arve Henriksen utnemnd til æresdoktor ved Universitetet i Göteborg, Högskolan för scen och musik och den konstnärliga fakulteten. Musikaren frå Stryn, no busett i Mölnycke, vart i samband med utnemninga omtalt som ein verdsleiande og høgst særprega trompetist innan improvisasjonsmusikken.

Æresdoktoren rett etter utnenmninga ved universitetet i Göteborg. Foto: Privat

- Hans tidigare besök på Högskolan för scen och musik har varit viktiga inspirationskällor och tankeväckande vägvisare för våra studenter, skreiv universitetet på sine nettsider i forkant av seremonien.

Göteborgs Universitets kunstnarlege fakultet er med dette det første universitetet i Sverige som utnemner ein tonekunstnar innan improvisasjonsfeltet til æresdoktor.