Jervebestanden er over det nasjonale bestandsmålet, men talet på registrerte kull har likevel gått betydeleg ned frå i fjor.

Rovdata har no kvalitetssikra årets tal og funne ut at det er registrert 50 jervekull i landet. Det er ein nedgang på 23 prosent, men framleis over bestandsmålet på 39 kull.

– Resultatet viser at det er registrert 15 færre jervekull i Noreg i år enn i fjor. Bestanden er likevel over det nasjonale bestandsmålet, og det har den vore sidan 2003, seier leiar Jonas Kindberg i Rovdata.

Samstundes fortel han at det truleg ikkje er færre jerv i Noreg enn i fjor.

– 50 kull i år, 65 i fjor og 52 i 2014 svarar til ein bestand på rundt 350 vaksne dyr i Noreg, som er omtrent på same nivå som i 2014 og 2015, seier Kindberg.

Det er i år registrert ein nedgang i talet på jervekull i alle rovviltregionane, men alle regionane ligg over bestandsmålet. (©NPK)