Hoven Loen fekk god PR i beste sendetid på TV2 laurdag kveld.

- Hoven Loen er kanskje ein av dei viktigaste attraksjonane som er laga i Norge dei siste ti åra. Den er viktig for Loen, Fjord-Norge og ikkje minst Norge, seier direktør i Innovasjon Norge, Audun Pettersen, i TV2-programmet LørdagsMagasinet.

Dette var noko av det som kom fram i det innhaldsrike innslaget om Hoven Loen på TV2 laurdag kveld. Her var det blant anna intervju med hotelldirektøren på Hotel Alexandra, arbeidarar med luftig arbeidsplass på toppen, lokale folke og Innovasjon Norge. Både planane om kortid gondolbana og bygget på toppen er ferdig, og reiselivshistorikk frå distriktet var med i reportasjen.