Anders Fannemel klarte diverre ikkje å kvalifisere seg til søndagens hopprenn i Klingenthal.

Fannemel hoppa berre 114,5 meter, noko som heldt til 49.-plass blant dei 40 som kunne kvalifisere seg.

– Trist for Fannemel. Han fann ikkje rytmen her nede. Han klarte ikkje eit einaste hopp på ålreit nivå. Han har slitt med å finne posisjonen. Då blir det ikkje mykje løft på hoppkanten, seier landslagssjef Alexander Stöckl til NTB fredag kveld.

Landslagssjefen fortel at Fannemel og Halvor Egner Granerud, som heller ikkje vart kvalifisert, reiser heim laurdag for å trene.

- Så får vi ta en avgjørelse etter søndagens renn og sjå kva vi gjer før verdenscupen i Lillehammer neste helg, seier Stöckl til NTB.