Gudvald er i farta på leit etter julegåve til kjerringa og med dialektrebus for Fjordingen sine lesarar.

Første dialektoppgåva frå Gudvald var å tippe kva uttrykket "krilkje" betyr.

Marita Guddal i Stryn visste at det er eit godt, lokalt uttrykk på irritert i halsen.

Ho kan vente eit Flaxlodd i premie.

Responsen på Gudvald si første adventoppgåve var god, og oppgåva var vanskeleg nok til at lesarane tippa på alle svaralternativa. Men dei fleste svara var korerekte.

Trekking av dagvinnar for laurdag og søndag vert offentleg måndag.

I mellomtida - kos dykk med nye Gudvald-episodar kvar morgon på Fjordingen si nettside.