Stryn kulturhus stakk tysdag av med prisen som Årets kino. Rett nok i C-klassen, for kinoar med under 100.000 årleg besøkjande, men stort likevel meiner kulturhusleiar Kari-Ann Kaspersen.

- Det er kjempekult og første gong vi får ein slik pris. Her konkurrerer vi med andre store destinasjonar, seier Kaspersen, som planlegg markering for dei tilsette.

- Kinodagen vert vektlagt i vurderinga. Her hadde vi eit veldig godt samarbeid vi som jobbar her, der vi arbeidde kreativt og alle kom med gode innspel, fortel ho.

Popcorn-treet som vart laga av tilsette i høve Kinodagen, var mellom fleire kreative tiltak til arrangementet. Foto: Gunnhild Sindre

Og besøket på kinodagen vart også meir enn dobla frå i fjor. Med 517 besøkjande auka dei talet med nesten 108 prosent. Skryt får dei også for arbeidet som vart lagt ned i sosiale medier, som Facebook og Instagram, både i forkant og undervegs i arrangementet.

Silje Fløtre Reed og Maria Thaule er to av dei mange ungdomane som jobbar ved kinoen og som bidrog til ein vellukka kinodag.

Besøket for 2016 som heilskap er også godt. Tala ved inngangen til desember var på høgde med rekordåret i fjor. Då besøkte 13.962 kinosalen. Så langt har 12.650 løyst billett.

- Eg tenkjer dette er positivt for Stryn som stad. Og så er det stimulerande for oss som er her, og viser at det å jobbe langsiktig og målretta hjelper, seier Kaspersen.

Silje Fløtre Reed og Maria Thaule er to av dei mange ungdomane som jobbar ved kinoen og som bidrog til ein vellukka kinodag.