Teknisk mangel og manglande dokument gjorde at to lastebilar fekk bruksforbod etter ein trafikkontroll ved Kjøs Bru måndag. I alt 15 køyretøy vart kontrollerte, og av desse vart det gitt skriftleg reaksjon til fem.

I tillegg til dei to lastebilane som fekk bruksforbod, fekk tre førarar åtvaring for brot på køyre- og kviletida. Ein førar fekk gebyr for manglande vognkort.

- Elles var det mange trivelege sjåførar som hadde ting i orden, seier Rune Løset i Statens vegvesen.