Stryn vgs. startar opp landslinja i august, og tysdag og onsdag vart det arrangert inntakssamling for potensielle elevar.

–Vi har hatt tolv elevar på samlinga seier idrettsansvarleg ved Stryn vgs., Torstein Tvinnereim. Han opplyser at deltakarane kjem frå Stryn, Hornindal, Eid, Førde og Volda. I tillegg har nokre niandeklassingar vore med.

Vurderer å søke

Ein av dei som var nysgjerrig på opplegget er Magnus Seljeset frå Hornindal. Tiandeklassingen har markert seg i fleire renn siste åra, og det var ein spent honndøl som hadde møtt fram på Ullsheim for den første treningsøkta.

– Eg vurderer sterkt å søke ja, og eg er spent på opplegget, seier Magnus til Fjordingen.

Sebastian Tveit (16) frå Førde vurderer også om han skal søke på landslinja.

– Eg fekk beskjed måndag kveld om at eg skulle møte på samlinga, så då var det berre å pakke bag og ski og gjere seg klar, fortel Sebastian. Også han var smånervøs og spent før første treningsøkta.

Kapasitet

Landslagstrenaren i langrenn for kvinner, Sjur Ole Svarstad, var ansvarleg for den første treningsøkta. Svarstad fortalde før økta starta at han ville fokusere på teknikk. Han var vidare glad for at eit slikt tilbod no blir å finne i Stryn.

Onsdag var det klart for både skitrening og skytetrening. Anders Vonheim er den som vil ha hovudansvaret for skytedelen også når den nye landslinja startar opp til hausten.

Tøff marknad

Torstein Tvinnereim fortel at det er ein tøff marknad ein no har bevegd seg inn i med landslinjesatsinga.

– Det aller viktigaste no er å få landslinja opp å gå, då trur eg søkjarmassen vil kome av seg sjølv etter kvart. Det viktige no er å få med ungdomar frå nærområdet. Det ser det ut til at vi har lukkast med når vi ser på kor deltakarane på denne samlinga kjem ifrå.

Tvinnereim uttalte tidlegare i veka at ein skal få på plass ein trenar som vil ha ansvar for langrennsbiten på landslinja.

– Vi må ha ein trenar av Sjur Ole sitt kaliber. Sjølv om han var med på samlinga no så betyr ikkje det at det er han som blir trenar. Men ein trenar på det nivået blir det, seier Tvinnereim.

Magnus Seljeset (t.h.) frå Hornindal vurderer sterkt å søkje på landslinja i skiskyting. Foto: Thomas Thaule
Landslagstrenar i langrenn, Sjur Ole Svarstad (t.v.) og Anders Vonheim var ansvarlege for treningsøktene på Ullsheim. Foto: Thomas Thaule