For å bli ein slik ambassadør vert det mellom anna lagt vekt på kva klubbane aktivt gjer i sine klubbar for å spreie bodskapen om EatMoveSleep.

– NFF er imponert over innsatsen som Hornindal IL har lagt ned for å formidle bodskapen til spelarar, foreldre og nærmiljøet, seier generalsekretær i Norges Fotballforbund, Pål Bjerketvedt.

Han seier vidare at klubben jobba solid og engasjerande for EatMoveSleep i 2016, og han gler seg til å følgje utviklinga i klubben vidare. Han håpar fleire vil sjå verdien av sunn mat, bevegelse og nok søvn.

Knut Ove Grodås i Hornindal idrettslag seier til Fjordingen at klubben søkte om å få bli EatMoveSleep-ambassadør, og han er glad for at klubben no får denne mulegheita.

Profilering

– Sjølv om det følgjer med ein god del arbeid så er vi fornøgde sjølvsagt. Vi får også ein del gratis med på kjøpet, som profilering, frukt og ein del utstyr, seier Grodås.